Eg var ein slik som dro då ting blei vanskelege. Alltid kunne eg bare reise meg og gå. Så døydde mora til ungane mine. Eg blei tvungen inn i eit hus som eg aldri ville ha valt å bu i. Men eg ville gi ungane mine nokre trygge rammer. Etterkvart begynte eg å trives som husmor. Det var eg og dei andre kvinnene. Eg var kanskje lykkeleg. Men barnet var ikkje nøgd. Ho sakna mora si. Men ho sakna også far sin.
Ein gong i tida sa eg til mine elevar: De må ikkje skrive ho, han, Ellen Nikolaisen. De må skrive EG. No seier eg: Skriv for guds skuld ikkje EG. Skriv han, ho, Ellen …
Eg trur eg sluttar å lese her. No merker eg at denne teksten er … notatboka mi.
