The Hamptons/ Trondheim november 2005/ 2010
Det heng eit smålåte kopiark på veggen utanfor Blæst: Josh Roush skal spele her på laurdag. Eg, som sluttar mitt Kulturelle Skolesekk-Show då, forlatar byen, og Miss The Show. Eg har mista Trondheim minst to gongar. To gongar har eg flytta frå Trondheim – og til Glasgow, og Bergen. I fjor prøvde eg å flytta att til denne dempa byen av låge hus. Det var her eg ville bu. Eg ville leave the city/ leave the cold// young people/ far too old. Slik tenkte eg sist eg budde her, og hadde nok av Glasgow, og kom att til Trondheim. Det var i 2005, det året eg høyrte så mykje på Anna Ternheim; Somebody Outside, og To Be Gone. Eg budde der enno då Josh Rouse gav ut Nashville, og eg høyrte på Winter in the Hamptons om og om att, og tenkte på USA, på New York, og ideen begynte å spire i meg igjen, om dei store byane, dei mange sjansane, dei gode konsertane, om det å kunne velge – eit stille liv øvst på Torshov – eller det rastlause livet i den delen av byen kor ingen bur, som alle bare går forbi, og kor dei folka som er der heile tida er nye, framande.