Pingucula Vulgaris

i.
06.00. Ein vatnspreiar startar utanfor vindauget mitt. Tsk, tsk, tsk, seier den, som ein kritikar, som noen som meinte at eg låg og dro meg. 06.00, nei og nei, det er ikkje i stil av pønk å sjusove. Stresskoffert den nye gitarkassa. Men meir om Björk, Melax, GodChrist og suksessrike musikarar sine arbeidstimar seinare. Etter fleire av denne skribenten sine arbeidstimar:

Det er allereie dagslys. Eg får ikkje sove, vil ikkje sove. Eg er jo i Island, eit land som tar meg i mot, og som lar meg gjere noko, lar meg kjenne det som om arbeidet er viktig, og fører noen plass. Dei har eit driv etter å fortelle, arbeidarklassens forfattarar på Island og Norge; Pettersson, Solstad, Laxness, Einar Már, Jacobsen, etc. Sistnemnte snakkar om det å fortelle sin historie; at det er å hugse og beabeide. Å tåle, men også å lære av.

Difor går eg ut, til Island, som tar meg i mot. Eg har avtaler i dag; ein med Sjón, og ein redaktør. Det blir travelt. Island er travel. Folk vil snakke, dei vil lytte, vil dele informasjon, forstå. Snart, snart, men ikkje no? Klokka ser seks, for satan, eg pakkar ei niste, i ein pose, og legg på bagga av sykkelen min. Eg har ein raud DBS. Den er tung å trø, men god å sitte på. Og eg skal ikkje på fjell. Turen min, den er blå. Eg syklar til fjorden, langs fjorden, og ut til Øya.

Eg har ei øy, ser du. Den ligg nordaust for Videy. Videy har direktebåt til Reykjavik. Her er Yoko Ono sin fredssøyle. Her er turistar, søndagstur, nedtråkka gras. Her er stiar som eit nett omkring øya. Turistfelle? Neppe. Det er øya sjølv, jordbruksområdet, som er fanga. Men øya mi er fri. Her hekkar tjelden. Han kjem springande mot meg, og springande frå meg. Han vil leie meg på avveie, og eg lar meg leie. Eg snur, tar retning tjelden, og veit det er vekk frå reir. Eg møter viper, ender og gjess. Dei ligg i same bukta. Dei lettar på likt, og fordi eg kjem, på to bein, mot dei, på venger. Dei er overlegne, og eg ikkje eingong ein stygg andunge. Rasjonaliserande, effektiviserande, produserande, usmakeleg. Fram, fram, fram, og mitt, mitt, mine. Min familie, vårt hus, våre veggar. På botn av alt er dette den einaste interessa mi, og det er ikkje smigrande. Sjølv Island, kommunisten Laxness’ rike, har blitt eit land av little boxes, in the hillsides,
og eg sett meg, og ser meg om, passar meg mot egg. Men her er ikkje egg. Her er ein liten blomst med blå krone, og irrgrøne, blaute blad. I det eine bladet er ei floge. Den er fanga. Tettegras, lyfjagras, pingucula vulgaris; ei kjøttetande plante. Ikkje sjeldan, men likevel. Kjøttetande planter er sjeldne her i nord. Ein sær blanding av det tempererte, og regelmessig regn.

Mens floga kjempar for livet, tenkjer eg på plassar å finne meir tettegras, måtar å ta det med meg heim. Vil lyfjagras vekse under vatnspreiar?

ii.
Mjølkegarden har golfbane rundt seg. Vatnspreiaren held golfgraset lysegrønt og tett, trass i den uendelege tråkkinga med harde sko, og små buddy-liknande bilar som fraktar spelarar frå den eine til den andre enden av den grøne vidda.

Eg kjem med sykkel, frå fjorden, opp bakken, til garden. Eg får eit gjerde på sida mi. Gjerdet avgrensar seks-sju kvadrat med plen. Som eit lite lam, eit lhusdyr, blir ein liten bit gras stelt særskilt med. Det er fem, små lappar. Kvar og ein med eit lite skilt. Kvar og ein med sin grønfarge; Symre, lime, eple, april, mose, oliven, osv. No og då ser eg ein kar sitte bøygd over graset. Ikkje så ofte, og ikkje no. Neste gong eg ser han skal eg spørre om å få låne ein brøkdel av denne brøkdelen. Her skal tettegraset bli planta. Her skal eg gi tilbake den delen av islandsk kultur som nordmenn tok vare på. La meg no fortelle historia om tettemjølk:

Tettemjølk er ein type kulturmjølk. Den blei også kalla tjukkmjølk. Dette er framleis eit substantiv på Island. I Norge har Rørosmeieriene gjort det til eit varemerke. Men meir om varmemerking når vi skal snakke om globalisering. Tilbake til tettemjølka. Dei trur den blei laga av tettegras. Det er ei kjøttetande plante. Den fangar insekt med blada, og bryt dei ned med enzymar. Dei same enzymane kan bryte ned proteina i kuvarm ferskmjølk, og lage ein yoghurtaktig drikke.

Det har vore noko usemje om dei faktisk brukte tettegras, eller om dei brukte slim frå sniglar. Dette blir det forska på i Norge akkurat no.

Kjære Island. De tok vare på skriftmålet mitt, og mykje av historia mi. Vi tok vare på den originale tjukkmjølka. Det er dette eg no har å gi attende;
oppskrifta på tettemjølk, den første. Og snart, ein gard av tettegras. Pingucula Vulgaris, fristar det?

Dette innlegget ble publisert i Notat. Bokmerk permalenken.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>