Nuh, no, nå.

“Men begge er enige om at de vil at boken skal oversettes til alle språk, og at boken kan nå familiene til hovedpersonene, presidenter og andre mektige folk rundt om i verden.”/ “Both agree that the book should be translated to *all* languages in the world, so it may reach families of the involved, *presidents* and other powerful people around the world”. dette skriver vi under på! Akkurat Nå til Chavez, til Fredrik Reinfelt, og til Michele Bachelet. Nå!

Publisert i Notat | Skriv en kommentar

Pingucula Vulgaris

i.
06.00. Ein vatnspreiar startar utanfor vindauget mitt. Tsk, tsk, tsk, seier den, som ein kritikar, som noen som meinte at eg låg og dro meg. 06.00, nei og nei, det er ikkje i stil av pønk å sjusove. Stresskoffert den nye gitarkassa. Men meir om Björk, Melax, GodChrist og suksessrike musikarar sine arbeidstimar seinare. Etter fleire av denne skribenten sine arbeidstimar:

Det er allereie dagslys. Eg får ikkje sove, vil ikkje sove. Eg er jo i Island, eit land som tar meg i mot, og som lar meg gjere noko, lar meg kjenne det som om arbeidet er viktig, og fører noen plass. Dei har eit driv etter å fortelle, arbeidarklassens forfattarar på Island og Norge; Pettersson, Solstad, Laxness, Einar Már, Jacobsen, etc. Sistnemnte snakkar om det å fortelle sin historie; at det er å hugse og beabeide. Å tåle, men også å lære av.

Difor går eg ut, til Island, som tar meg i mot. Eg har avtaler i dag; ein med Sjón, og ein redaktør. Det blir travelt. Island er travel. Folk vil snakke, dei vil lytte, vil dele informasjon, forstå. Snart, snart, men ikkje no? Klokka ser seks, for satan, eg pakkar ei niste, i ein pose, og legg på bagga av sykkelen min. Eg har ein raud DBS. Den er tung å trø, men god å sitte på. Og eg skal ikkje på fjell. Turen min, den er blå. Eg syklar til fjorden, langs fjorden, og ut til Øya.

Eg har ei øy, ser du. Den ligg nordaust for Videy. Videy har direktebåt til Reykjavik. Her er Yoko Ono sin fredssøyle. Her er turistar, søndagstur, nedtråkka gras. Her er stiar som eit nett omkring øya. Turistfelle? Neppe. Det er øya sjølv, jordbruksområdet, som er fanga. Men øya mi er fri. Her hekkar tjelden. Han kjem springande mot meg, og springande frå meg. Han vil leie meg på avveie, og eg lar meg leie. Eg snur, tar retning tjelden, og veit det er vekk frå reir. Eg møter viper, ender og gjess. Dei ligg i same bukta. Dei lettar på likt, og fordi eg kjem, på to bein, mot dei, på venger. Dei er overlegne, og eg ikkje eingong ein stygg andunge. Rasjonaliserande, effektiviserande, produserande, usmakeleg. Fram, fram, fram, og mitt, mitt, mine. Min familie, vårt hus, våre veggar. På botn av alt er dette den einaste interessa mi, og det er ikkje smigrande. Sjølv Island, kommunisten Laxness’ rike, har blitt eit land av little boxes, in the hillsides,
og eg sett meg, og ser meg om, passar meg mot egg. Men her er ikkje egg. Her er ein liten blomst med blå krone, og irrgrøne, blaute blad. I det eine bladet er ei floge. Den er fanga. Tettegras, lyfjagras, pingucula vulgaris; ei kjøttetande plante. Ikkje sjeldan, men likevel. Kjøttetande planter er sjeldne her i nord. Ein sær blanding av det tempererte, og regelmessig regn.

Mens floga kjempar for livet, tenkjer eg på plassar å finne meir tettegras, måtar å ta det med meg heim. Vil lyfjagras vekse under vatnspreiar?

ii.
Mjølkegarden har golfbane rundt seg. Vatnspreiaren held golfgraset lysegrønt og tett, trass i den uendelege tråkkinga med harde sko, og små buddy-liknande bilar som fraktar spelarar frå den eine til den andre enden av den grøne vidda.

Eg kjem med sykkel, frå fjorden, opp bakken, til garden. Eg får eit gjerde på sida mi. Gjerdet avgrensar seks-sju kvadrat med plen. Som eit lite lam, eit lhusdyr, blir ein liten bit gras stelt særskilt med. Det er fem, små lappar. Kvar og ein med eit lite skilt. Kvar og ein med sin grønfarge; Symre, lime, eple, april, mose, oliven, osv. No og då ser eg ein kar sitte bøygd over graset. Ikkje så ofte, og ikkje no. Neste gong eg ser han skal eg spørre om å få låne ein brøkdel av denne brøkdelen. Her skal tettegraset bli planta. Her skal eg gi tilbake den delen av islandsk kultur som nordmenn tok vare på. La meg no fortelle historia om tettemjølk:

Tettemjølk er ein type kulturmjølk. Den blei også kalla tjukkmjølk. Dette er framleis eit substantiv på Island. I Norge har Rørosmeieriene gjort det til eit varemerke. Men meir om varmemerking når vi skal snakke om globalisering. Tilbake til tettemjølka. Dei trur den blei laga av tettegras. Det er ei kjøttetande plante. Den fangar insekt med blada, og bryt dei ned med enzymar. Dei same enzymane kan bryte ned proteina i kuvarm ferskmjølk, og lage ein yoghurtaktig drikke.

Det har vore noko usemje om dei faktisk brukte tettegras, eller om dei brukte slim frå sniglar. Dette blir det forska på i Norge akkurat no.

Kjære Island. De tok vare på skriftmålet mitt, og mykje av historia mi. Vi tok vare på den originale tjukkmjølka. Det er dette eg no har å gi attende;
oppskrifta på tettemjølk, den første. Og snart, ein gard av tettegras. Pingucula Vulgaris, fristar det?

Publisert i Notat | Skriv en kommentar

søstera til björk

Det er ein heit dag. Reykjavik. Eg går på eit tog, av eit tog; fantasitog, ei tidsmaskin, og reiser attover i tid. Eg drar med Guðlaukur Krstinn Óttarsson. God Christ, kalla dei han, som i sin tid fann Björk, som redda ho frå Tappi, den søte poppen, og pønka ho. Etter God Christ var Björk KUKL, ho var Elgar Sisters, syngande på toppen av stemma, i starten av stardom.

Det er 7. juni, og dagen då bladet Grapevine lanserar Icelandic Music History #18. 1981. Bladet ligg put, på benkar og i parkar. Bare ein bris over byen. Guðlaukur, God Christ, kjem, og finn meg, reddar meg frå heiten, frå dei tronge gatene, og tar meg i kjellarar og i andre etasje av Eymundsson, bokhandlaren, kor Kafé Mensa lå, i sin tid, for avantgarden, for Sjón, Thor Eldon, Medusa, som dei kalla seg.

Det er laurdagskveld i Hafnarstræti, Tryggvasgati, Austurstræti…: Alle gatene down town er fulle av pønkarar. God Christ har raud hanekam. Einar Melax har grøn. Det er hanekammar i alle fargar i Reykjavik denne kvelden. Og alle har dei sikkerheitsnåler i kinna og korte skinnjakker. Alle speler dei i band. Band spiller i alle moglege øvings – eller konsertlokaler. God Christ og Melax speler i Theyr, eit pønkeband med platekontrakt ved Thormusikk. Theyr øver i ei tollbu, og speler konsert i hjørnet av ein kafé. Dei går vidare til andre øvinger, andre konsertar, i kjellarar, brakker, og nedlagde industribygg. Kvar kafé har eit band i hjørnet. Björk syng i Tappi; eit relativt uskyldig band i høve det andre som skjer i byen. Denne kvelden blir ho kjent med God Christ. Han får ho på nye tankar. Kanskje skal ho slutte med den søte pop’en som ho speler no. Kanskje er det tid for å gå vidare, no.

Bare månadar seinare sluttar Björk i Tappi. God Christ sluttar i Their. PP, eit tredje, stort band i byen i ’81 blir òg oppløyst. Dei er ein heil flokk av musikarar som står og sitrar og vil bruke seg til noko.
- Det boblar i det musikalske Reykjavik. Noko skulle skje, og det var KUKL, seier God Christ, og lettar på solbrillene for ei stund. Vi står i Austvellur, ein park i Reykjavik, og finn ein benk, eit Grapevine. Slett ikkje tilfeldig. Eg kjenner nummeret, og artikkelen. #18. Dei skriv om Gusgus, som stjel frå PP. “Augun úti” blir “Forever”, skriv den anonyme Dr. Gunni, og held fram: In 1981 it seemed like every garage had a band rehearsing in it. The feel was similar, I guess, to what happened in Iceland after The Beatles broke in the sixties.

Eg tilgir, for eit sekund, den anonyme posisjonen av journalisten, og tar det inn. Alt stemmer. Historiene matcher. Her er ingen som lyg, som dramatiserar. Historiene er dramatiske nok som dei er, med, utan lokomotiv, vulkanar, kva heiter det, det som det kjem røyk frå?

Publisert i Notat | Skriv en kommentar

Litteraturen i bøkene og kulturen i underholdningen

Aldri har penger vært et så viktig tema i det kulturelle ordskiftet som i fjor. Det hevder den svenske litteraturkritikeren og poeten Anna Hallberg i en kronikk som nylig sto å lese i Dagens Nyheter. Hallberg viser til diskusjoner som i løpet av 2009 verserte i Sverige, der tema som forfatterinntekter, kritikerkår, biblioteksvederlag og fastprisordninger i tur og orden ble satt på agendaen. Felles for disse diskusjonene var at de bidro til å understreke det klassesystemet som har vokst frem innfor det litterære feltet i broderlandet, der forfattere av krim og lette underholdningsromaner troner på toppen med sine salgstall og fete lommebøker, mens de som beskjeftiger seg med «forskning, kvalitetslitteratur eller kritiskt tänkande essäistik» befinner seg mer eller mindre hjelpeløst fortapt nede på bunnen.

Sist lørdag plukket den danske avisen Politiken, ved Mikkel Bruun Zangenberg, opp Hallbergs kronikk, og stilte fra bokbilagets lederplass spørsmål ved om det hos Hallberg egentlig kom frem «noget nytt?». Noe vesentlig ser dermed ut til å ha gått Zangenberg forbi – det er nettopp den manglende nyhetsverdien i Hallbergs kronikk som gjør budskapet så påtrengende: Utviklingen hun peker på – en systematisk ensretting og forflatning av bokbransjen – har foregått over lang tid, og det blir stadig mindre som skiller litteraturindustrien fra en hvilken som helst annen gren av underholdningsindustrien. Det er ingenting nytt i dette. Nettopp derfor føles det presserende å gjøre som Hallberg, å forsøke å mane til et øyeblikks refleksjon: Er dette virkelig er en uvikling vi ønsker?

Les videre

Publisert i Essay | Skriv en kommentar

Vár Már

Vi kallar det intervju.
Spole tilbake. Ta det om att:
Det er intervju. Det skal publiserast, skal ut til folket.
Folket ventar på Einar Már. Einar Már seier dei tinga som folket tenkjer. Det er yrket til Einar Már å organisere, dramatisere, formidle folket sine meininger. Folket kallar Einar buktalar. Så seier Den Hvite Boken, det islandske folk sitt White Album.
Så eg ødslar ikkje med tida til Einar, men gir tid. Sett på diktafonen. Har to timar å gi. Og her kjem Hildur med kaffien, med ein heil kjele som ho tømmer over på ein skotskruta termos. Kaffi utan å løfte ein finger. Kaffi nok til å løfte fingrar, og senke dei, løfte fingrar, og senke dei, i time etter time utover natta.
Eventuelt til å prate, og lytte. Lytte, og høyre akkurat kva som brenn, kva dette handlar om, og kven den andre, samtalepartnaren er, eigentleg, og vil.

Eg spør som venta.
Kva gjorde krisa med litteraturen?
Einar Már svarar som venta:
Den blei meir essayistisk. Vi skriv frå nuet sitt hjarte.
Her og nuh. Assosiasjon og tankestraum. Narrativet blir oppløyst. Eg leiter tilbake, seier som venta:
Eg kjenner deg som historiefortellar.
Nuet sitt hjarte har ei lang historie. Eg hentar dei opp, og fortel mange historier.
Fortellaren og forfattaren fell saman. Kva betyr det?
Islandsk litteratur har ein lang realistisk tradisjon, som går frå sagaene, om Laxness, til i dag, til… seier Einar, pausar for første gongen, og ser på meg.
Du er oppteken av fortellaren. Av den språkelege dimensjonen. La meg no sjå, seier Einar, og går til datamaskina. Han startar den. Snakkar mens programma blir sett i gong, det eine etter det andre, spør korleis eg skriv, kva posisjonar eg skriv frå, kva type prosa det blir av det. Jasså, normalprosa, mumlar Einar, mens han opnar ei mappe på desktoppen. Einar Mars samlede essay. Gull. Gløm dei nyrike på Snobb Hill i Reykjavik, gløm the road of doomed dreams langs strandlinja, og islandsk neokapitalisme. Det virkelege, islandske arvesølvet glitrar frå skjermen til Einar Már. Eg trekk stolen bort til han, og les titlar; The pain of the brain, Betraktninger over fortællerkunsten,
- Du er måske interesserad i desse essay?
You bet good sir! Men får eg dele? Dele med flammevenner? Bendik, Nils-Øyvind, eks-Klassekampen, du veit, avisa bokstavar så raude at dei lyser heilt frå andre enden av rommet. Eg går bort dit, hentar Einar sine eks, som han får tilsendt frå Karin kvar veke. Eg blar i det, ser etter Bendik, Nils-Øyvind, men der er ikkje eingong Karin eller Martin, bare frilansarar og vikarar, K og M ligg nede med influensa, og Bendik, Nils, har hoppa av skuta, styrar mindre med realismen, meir med surrealismen,
og eg spør om dette, om å vêre poet, lyrisk prosaist, som blir meir og meir aktuell, samtidig, som skriv stadig meir essayistisk, stadig mindre evig, om eg kan seie det slik,
Kan eg seie det slik?
Surrealismen er eit bilde av realismen. Om du ser røynda klårt og tydeleg, så drøymer du draumebildet av dette om natta, seier Einar Már, og er den første til å seie at han har det frå noen, at det må vêre García Marquez som sa det, meiner Einar Már,
- Det var sagt av ein magisk realist i alle fall, seier han. Neste spørsmål:
- Island er ikkje i ein særskilt situasjon. Men Island får brorparten av drama, merksemd, debatt. Kvifor er det slik?
- Island er eit lukka system, kor alt blir så mye meir tydeleg, seier Einar:
- Island blir som eit symbol, ein metafor. Folk skjønnar krisa når dei ser den på Island. Island gjer den klår og folkeleg. Island blir sedd, får merksemd, fordi det var uventa, fordi verdssamfunnet hadde eit anna bilde av oss. Island blir sedd, på ein annan måte enn andre land i same situasjonen,
Fordi vi ikkje teier, ikkje godtek, men står opp for oss sjølve, seier Einar, og blir stille, ser lenge på meg, og seier:
- Du er oppteken av det politiske, er du ikkje?
- Du vil snakke om engasjement – og mangelen på engasjement? Om aktivisme og ikkje? seier han, sittande ein meter frå ein stabel bøker av Naomi Klein, bare centimeter frå Dag Solstad sine samlede verker. Det er bare minutt før eg må gå, leite opp bussen, ringbussen. Då sirklar vi oss inn på noe,
retting
Einar Már sirklar oss inn i noe. Han har samla oss, funne dei felles multiplum, felles grunn,
Sei meg, seier Einar Már, og drar fram bok etter bok,
Kva synes du om denne? seier han,
Kva eg synes om det politiske i den?
Kva du synes i det heile tatt, seier han, og held ein islandsk utgåve av Fyr og Flamme, Fløgstad, ei utgåve med fint omslag; ei bok, og ikkje ei fyrstikkeske.
Tommel opp. Min tur:
Roy Jacobsen?
Han er eit fint menneske, seier Einar Már. Han sin tur. Finn Carl Frode Tiller sine samlede.
- Strålande! Du må lese!
Men Einar har sjølvsagt lese. Einar les, skriv, drikk kaffi, vakar. Han tilbyr meg ein kopp. Klokka er jo bare 23.00. Han har framleis mange timar med skriving å gjere. Men eg begynner å pakke saman. Eg har ikkje vendt meg til dei stutte dagane enno, eller, for å vêre ærleg; eg har ikkje sjel nok til å bære heile natta, og må sove når det er mørkt, vake når det er lyst. Har vi det no, Einar Már? Er vi komne til kjerna, til veiken, til det som flamma kjem frå? Eg meiner, korleis går det eigentleg, korleis kjennes det å stå midt i denne stormen, sosialist som du er, gamal aktivist, folkesangar,
- Er det noe godt i det som skjer, her, tross alt? seier eg, men angrar meg i det same, vil ikkje eksotisere krig, krise, drama. Vi går ut, og til bilen. Og eg veit at eg har sagt det før, men det er her heile tida, påtrengande, spennande, stressande. Vinden, såklart. Men også UK, Nederland, kontraktane som skal skrivast under, eller ikkje. Folk veit ikkje kva dei skal gjere. Dei ventar på fleire tekstar frå Einar Már og Eva Joly. Folkeopplysninga har ikkje vore som den skulle vêre då sosialdemokratane mista makta til dei liberale konservative.

Publisert i Notat | Skriv en kommentar

Tel ned til Attac

“Utan Island, ingen nynorsk! Mens de fekk dialekter, tok vi vare vi på skriftspråket dykkar” seier Einar Már Guðmundsson, som ein smakebit på praten han skal ha med den norske regjeringa til veka:


Miðhusum 9, søndags kveld: Einar Már Guðmundsson tar meg med ut i eit garasjeliknande skrivehus utanfor einebustaden sin. Det har store vindauger med gardiner av bøker. Bøker, bøker, bøker. Einar Már viser korleis bøkene er organiserte, kor hans bøker står, kor dei norske står, dei danske, svenske, kor oversette bøker står, og kor han har kopien av originalmanuskriptet til Strindberg. Men så, til saka. Einar Már skal til Oslo om ei veke. Han skal i møte med den norske regjeringa.
- Kva skal du seie til dei?
- At Norge må gi Island eit lån. Utanfor IMF. Vi slepp fordyrande mellomlegg. Vi kan sette betingelsene sjølv. Island kan gi Norge særskilte fordelar. Det er i Norge sin interesse fordi Island har naturressursar, og strategisk plassering her ute i Nordishavet. Og vi betalar tilbake.
- Kven lovar det?
- Det lovar eg, Einar Már, seier han, med den største tryggleik og naturlegheit. Og meir skal ikkje vêre naudsynt. Har ein islending sagt noe slikt, så skal ein tru på det.

Sosialisten
Tilbake ein liten times tid. Søndag 25. januar. Einar Már Gudmundsson vil møte meg mellom 20.30 og 21.00. Kvifor så seint? Det skjønnar eg når eg står utanfor villaen hans i byggefeltet ved Hamrar, Reykjavik. Det lek matlukt til trappa, og lyden av mange, høge stemmar, og høg latter. Byens største middagsselskap, tenkjer eg, og ringer på. Ingen kjem. Eg ser meg rundt. På andre sida ligg eit anneks. Det har store vindauger, inn til eit rom av bøker. Veggane er bøker. Det er bøker i stablar frå golvet. Borda er bøker, stolar er bøker, og midt i alt står ein liten pult med ei lita datamaskin.
Eg ringer på igjen, og blir tatt i mot av kona hans, Hildur, som har mørkt hår i laus hestehale.

Inn til kjøkkenet. Langbord, men der sitt bare ein einaste kar, i caps, og med tatoveringar oppetter underarmene.
Norwegian! Petter Solberg, seier tattoo-mannen, og ler ein liten storm. Einar Már Gudmundsson kjem frå toalettet. Høghalsa, mørk genser. Han går ut att, og kjem tilbake med svart dressjakke. Kona hans kokar ei kanne kaffi og tømmer over på ein skotskruta termos. Siggi vil snakke om bilar. Ok.
- Kvifor får det bare ein einaste buss opp hit frå sentrum på ein søndags kveld?
- Bussane i Reykjavik er gule, store Volvobilar. Det er alt eg veit om bussar i Reykajvik. Ingen i Reykjavik tar buss, seier Siggi. Einar nikkar mot døra. Det er no vi går ut i skrivestova hans.

Attack
Bøker overalt. Men i sofaen, mellom to stablar bøker, er det eit halvt kvadrat å sitte på. Ved sida av meg er ei bok av William Heinesen: “Glafadir Snillingar”. Den handlar to kompisar som veks opp i lag i ei isolert, lita bygd, og blir spelemenn i lag. Om lag som Einar Már ønsker for Island og Norge:
- Du skal altså i møte med Jens og gjengen. Kva er målet ditt?
- Å knyte sterkare band mellom landa. Norge og Island får fordeler av å stå i lag. Vi er på mange måtar knytt, mellom anna med at vi er utanfor EU. Å gi eit lån til Island, er å knyte banda sterkare. Vi vil løne dykk for det.
- Knut Ødegård og Eva Joly meiner at Norge står i gjeld til Island, fordi de “tok vare på kulturen og historia vår”.
- Det norske språket levde og blei tatt vare på i Norge. Men bare som munnleg språk. Vi på Island tok vare på skriftspråket. Det er difor de har så mange dialektar i Norge, mens vi manglar det på Island. Island har jo også dei tronge fjordane. Også Island kunne hatt dialektar. Men i staden har vi eit einaste språk, seier Einar Már, før han begynner å spørre meg ut om nynorsk, om noen faktisk snakkar nynorsk, og korleis det heng i hop, om det heng i hop, og kva som eigentleg er logikken bak det norske språksystemet. Kven sa at det var logikk til noe, her i verda?

Realisme og – ikkje Einar Már Gudmundsson har brukt “sinnsjuke” fortellarar som er meir truverdige enn dei såkalla “friske. Han har eksperimentert mye med form, og med realisme, og legg fortellaren sin stadig tettare opp mot forfattaren. I ei bok heit fortellaren Einar Már Gudmundsson. I “Den Hvite Boken” er fortellaren Einar Már Gudmundsson, men utan at han leiker og speler med form og fortallarposisjon. DHB virkar å vêre skrive ut av naudsyn og viktigheit, og som eit prosjekt som det hasta med å få ut. For å få sagt noe sant, i ei tid av løgner. Det er kommet fleire slike bøker på Island dei siste, par åra, som Draumelandid av Andri Snær Magnason, og .
Eg luftar desse tankene ovanfor Einar Már, og spør han om ein kommentar.
- DHB er skrive frå hjartet av “nuet”. Men også “no” har ein lang historie, seier Einar Már. DHB er ein slags essaysistisk stream of consciousness, ispedd assosiasjonar, historiar, sakstoff. Forma er ikkje ny i litteraturhistorien, og særleg ikkje i Islandsk tradisjon. Men den er ny, som bokform, for Einar Már:
- Å skrive essayistisk, er for meg ein vidareføring av eit realistisk prosjekt som eg har. Garcia Marcez sa noe slikt som at “Surrealisme er det som draumen gjer av virkelegheita”. Dét motiverar meg for å skrive heilt og fullt realistisk og virkeleg, seier Einar Már.

Folket
Einar Már går eit ærend inn i huset, og kjem ut att, med ein kopp te til meg. Koppen har titlane til alle songane til Beatles trykt på seg. Einar Már har nestan dagleg e-postkorrenspondanse med David Ashton, ein barndomsvenn av Lennon, og er sjølv ein ekte arbeidarklassehelt som jobba seg opp i samfunnshiearkiet, og som no sitt som ein av dei store og mest berømte forfattarane på Island. “Universets Engler” gav han Nordisk Råds Litteraturpris. Den Hvite Boken er den siste boka hans, og omsett til norsk same året som den kom ut på Island.
- I Den Hvite Boken skriv du noe om kor rart det har vore å vêre borgar i Island i ei tid kor av “Keisarens Nye Klede”. Korleis har det vore for forfattaren Einar Már?
- Forfattaren har den fordelen framfor borgaren at han har noen språklege verktøy. Eg kan noe om formulering, dramturgi, og andre virkemiddel. På mange måtar har det kanskje vore enklare for forfattaren enn for borgaren, å leve under den tida som var, med løgner, late-som og oppblåste, merkelege tilstander. Eg har midlertid forsøkt å jobbe for borgarane. Eg har prøvd å tale deira sak. Det er først og framst gjennom essays og artiklar for Morgunbladid her på Island, men også gjennom saker på nett, folketalar, og artiklar til utlandet, som til Klassekampen. Folk har kommet tilbake til meg og sagt at dei kjenner seg att. Dei takka meg, og sa at eg satte ord på ting som dei kjente og tenkte, seier Einar Már, og ser ut av dei opne vindauga. Dei har ikkje gardiner. Forbipasserande ser rett inn til den hardt arbeidande folkekjære forfattaren. Eit av dei folkelege grepa i Den Hvite Boken, er referansane til Beatles, Lennon, The White Album, men også “Hvitboka”, som er rapporten som islandsk regjering skal legge fram kvart år i februar, som ein gest av openheit for folket.

Kulturkampen
- Krisa er på mange måtar eit spørsmål om språk. Det gjer den til ein kulturkamp. Mye av bakgrunnen for krisa, var språkmanipulasjon. Økonomer og finansfyrstar dominerte. Terminologien deira blei den gjeldande. Folk skjønte ikkje kva dei sa. Ikkje eingong dei intellektuelle. Vår utdanning var jo stort sett klassisk, innan kunstartar, og historisk-filosofisk. Løysinga blei å lære seg språket deira. Då lærte eg at fråsegna deira ikkje var smarte og gode, som dei kunne framstå, men ofte bare banale, og ikkje gode for folk flest, seier Einar Már. Det som skjer og har skjedd på Island er ikkje unikt. Ikkje heilt, i alle fall. Dei baltiske landa står i gjeld til Sverige, og middelhavsområda har også sitt å stri med.
- Kvifor er krisa så synleg på, og frå Island?
- Fordi island er ein enclosed unit her ute i havet. Og ein ung stat. Vi blir eit slags laboratorium for resten av verda. Men mest av alt er det fordi folket seier i frå. Afrikanarane ser til oss, berømmar oss, og seier “islendingane nektar å gå i sin eigen gravferd”. Og det er heilt rett. Vi ser at det ikkje er godt for noen, i det lange løpet, å bli sett i bunnlaus gjeld, seier Einar Már. Dette har skjedd før: Gjeldstynga land er blir fattigare, og blir u-land, reperasjonssamfunn som blir til belastning for verdssamfunnet som miljøsinker og kva som helst. Det får fleire tiår før i-landa skjønnar at situasjonen er til belastning for alle partar, og begynner bistandshjelp på etterskot; reparering og akutthjelp som kostar mye meir enn det ville ha kosta å førebygge. Now wonder Morgenbladet kåra “historikaren” til den nye vinnaren i kulturnorge. No må regjeringa, med Jens i front, vise at dei også har skjønt dette. Dei må lære av historia, og hjelpe Island.

Det er seint. Eg førebur meg på å gå ned til busstoppen nede ved hamna. Derfrå skal det gå ein buss, i ellevetida, som tar meg til Ártun, ein busstasjon, kor eg må bytte. Osv. Men det kan eg bare glømme. Einar Már kjører meg. Klart han gjer. Noe anna kjem ikkje på tale her i byen kor sjølv dopapiret er varma opp nedanfrå.

Einar Már trillar nedetter den spiralforma vegen. Eg fortel om ein venn eg har her, Gudmundur Gunnarsson.
- Å han! Det er ein bra kar. Vi møtast titt og ofte i svømmehallen. Vi har tala i lag på folkemøte. Det var under opptrappinga av boomen. Vi er einige, GG og meg. Vi kritiserte verdiene. Vi ville ha dei åndelege verdiene tilbake. Det var ein del presse tilstades på møtet, men dei skreiv ikkje om talane våre. Dei var opptekne av trivielle ting. Dei unge journalistane er vante til å skrive om fotball og slik. Dei har ikkje den gamle aktivist-ballasten som 68-generasjonen har, seier Einar Már, og sett på ei plate. Det er bandet til sonen hans, Hrafunkel, som er kalla opp etter den gamle sagaforfattaren. Midt i ein song, kjem Einar Már sin stemme inn. Han proklamerar dikt, på islandsk. Vi blir stille, mens diktet skrid fram, som sang, og Einar Már svinger frå Sæbraut, og opp mot “Snobbebakken”. Det er området kor Gunnarshús ligg.
- Eg vaks opp i desse gatene. Dei er i mange av bøkene mine. Eg kallar dei bare “strøket”.
- Så kvar gong det står “strøket”, så er det Laugarnes, Laugardalen, eller snobbe-bakken?
- Nei, ikkje snobbebakken. Den lot vi vêre, seier Einar Már, parkerar oppe på bakken, og stikk til meg CD-plata.
- Sånn. Godt. Då byttar eg til Lennon. Bless bless, seier Einar Már, og kjører austover igjen.

Publisert i Notat | Skriv en kommentar

Folkeopplysning

1. Den islandske regjeringa laga eit reklamehefte i 1995. Dei sendte det til Russland, Kina og USA, og tilbydde dei veldig billeg straum viss dei flytta fabrikker og liknande til Island. USA kom. Dei ville bygge store aluminiumsverk.

2. Aluminiumsverk er ikkje bare industri. Dei krev så mye straum at det blir eit politisk spørsmål. Det blei forhandlingar, avisskriving, meininger att og fram.

Fordelar: USA kunne gi $$, arbeidsplassar, og “revitalisere den halvdaude søraustsida av Island”

Bakdelar: “Revitalisering” betyr å demme opp elver, legge naturområde brakke, og øydelegge våtmarker.

3. Amerikanarane pressa på. Det blei travelt. Kontrakter fekk tidsfrister. I følge Andri Snær Magnason, skjønte ikkje islendingane akkurat kor mye straum amerikanarane trong. Dei skal ha blitt “lurt” til å skrive under avtaler med Alcoa og Alcan, som er aluminiumsselskapa.

4. I dag står UK og Holland på døra, med kontrakter og avtaler, og pressar på. Mange islendingar skjønnar ikkje heilt kva som skjer, veit ikkje akkurat kva dei betale, og kva dei ikkje må betale.

Kven sa at amerikanarane er arrogante, patroniserande imperialistbastardar? Var det britane som sa det? Er britane betre enn amerikanarane, når dei skundtar på å signere IMF-avtala om tilbakebetaling av gjeld?

Om eg skal tru Andri Snær Magnason, Knut Ødegård, og Hallgrimur Helgason, er informasjon og samtale noe av det viktigaste i tida som kjem. Einar Gerhardsen all over again. Streng men varm og trygg osv. Jau då. Tidene er nye. Men tida går, veldig fort, fram mot avstemninga den 6. mars.

Publisert i Notat | Skriv en kommentar

Knut Ødegård inviterar til te og tranebærkjeks

Folkeavstemninga om IMF er Island sitt 1905: den første folkeavstemninga i statens historie.

Knut Ødegård hentar meg med bilen sin, opnar døra for meg, og har dress og tvers-over. Knut Ødegård fiksar einvegskjøringa på Laugarnes med same lettheit som slekta hans i heimbyen kjørar landevegane mot Aukra.

KØ var fotograf. Forfattarskapen hans er som fotografi. Når dei er på idéstadiet er dei ein filmfull i kamerahuset. Ein må ikkje sleppe lyset inn. Må ikkje snakke om dei. Må halde det løynd. Heilt til ein går inn på mørkerommet og begynner fremkallingsprosessen. Dette seier han, mens han kjører, og kjører feil. Vi kjem ut på riksvegen nordaust for byen, der kor det nestan bare er hav, hamn og industri. Men bare sekund seinare kjem vi rundt neset, og får Reykjavik Downtown og indre hamn framfor oss. Spekulantane sine glasdekte høgblokker står som ei rad dominobrikker framfor oss. Annankvart bygg er mørklagt, med konkurse selskap. Annankvart bygg har lys. Det har vore 1000 konkursar på eit år i dette landet med 300000 innbyggarar. Denne rekka av nybygg er eit talande bilde. Dei er blanke og fine på utsida. Men dei lysar ikkje innanfrå.

Humanisme, kapitalisme,

- Kva kjenner du for Reykjavik eigentleg?
- Reykjavik har endra seg sidan eg flytta hit. Eg er som ein del av den, seier han, tar av til venstre, og opp til villastrøket 105 Reykjavik, og kjører i tretti gjennom gatene, kor det ligg ein ball, ein plastbil.
- Men eg er sint på dei av dei nyrike, neokapitalistane, som øydela for dei opphavelege verdiane, som fred, vennlegheit og menneskelegheit, seier han, parkerar, og fiskar ein pose kaker frå baksetet.
- Eg visste ikkje kva du liker, så eg kjøpte litt av kvart. Wienerbrød liker du vel, he? seier han, opnar dørene, tar jakkene, kallar min for Peysa, seier han. Peis, noe varmt. KØ byttar til tøflar, men beheld dressjakka.

- Kaffi? Te? seier han, og forsvinn inn på kjøkkenet. Omkring: ein luftig hall med trapp til øvre etasjar, og stor takhøgd. Til høgre er eit lågt bord med eit par diktbøker på utstilling. Til venstre; stova, karnappvindauget, mye dagslys. Ingen kunstige lys. Ei stor lyskrone ligg i sofaen. Grønn plysj. Eit flygel. Eit piano. Fleire helgenstatuer. Mange bøker. Skinnryggar. KØ kjem inn med eit fat kaker.
- Er kakene ok? seier han. Kakene er strålande, Knut, strålande.
- Orsak lysekrona, seier Knut, og spør om eg får plass her i huset. Eg får plass, herregud, gode Knut, eg blir henta, varta opp, underholdt og informert, eg har det as good as can be, Knut, klarar å svare med eit smil, ikkje like varmt som han sitt, det går ikkje an. Knut Ødegård smilar med heile seg, med auga, håret, og tversover-sløyfa. Skotskrutete, strålande, eg er trygg, glad. Det er Laugardalslaugar og varmt mineralvatn, avslappande, det er 20. januar, og har vore lummert som ein sommardag. Varmt i lufta, varmt i bassenget. Varme folk. Kroppen min glømmer liksom å lage sin eigen varme. “Nordmenn som drar til Island kjem aldri tilbake”, har eg høyrt. Eg begynner å skjønne kvifor. Det blir ei omstilling å komme tilbake til Oslo og minusgrader all over. KØ kom til Reykjavik første gongen i 1971. Han forelska seg i ei dame, og flytta hit. No får han løn frå Norge, som Statsstipendiat, men har registrert adresse her. Han er medlem i forfattarforeningene både her og der, og driv eit forlag på Island. Men han pendlar att og fram mellom landa.

KØ ropar frå kjøkkenet:
- Klarar du earl grey? seier han, og fyller snart stova med lukta av bergamutholje. Han sett kanna på det låge, asiatiske bordet. Lakkert, mørkt trevirke. Ut att i kjøkkenet. Inn att.
- Har vi teskjeier?
Det har vi. Fine, i sølv, med initialar inngraverte.
- Men vi har ikkje kakespade, seier KØ, går, kjem tilbake med ein kakespade.

Intervjuet
KØ fekk spørsmåla mine på epost:
Bør Island akseptere krava frå IMF, eller ikkje?
Kva tenkjer du elles om den økonomiske og politiske situasjonen på Island?
Korleis har situasjonen virka inn på den kunstnariske produksjonen din?

Og no får eg svara frå han; i fanget, i form av eit 5 A4-siders langt dokument som han har printa ut, sett binders på, og lagt i ei plastlomme i lag med 8-10 avisutklipp og relevante artiklar. Arka er framleis varme. Linjeavstand 1, 0. Tett. Det er lummert. Eg legg kaka tilbake på tallerkenen. Ikkje eingong Synste Møre, den siste storformatsavisa i Norge, kan gi plass nok til denne saka, til det stoffet som eg har i fanget. Dette treng ei bok, ein Singel, minst, tenkjer eg, mens KØ spør, om det er spørsmål, om det er noe eg vil vite, noe meir? spør KØ, frivillig, uløna Bjørnsonfest-sjef, som får meg til å kjenne meg som sjef, æresgjest,
Du må spise kake, seier KØ, blir sjef. Ok. Vi spis kake, og drikk te og kaffi. Blodsukkeret stig, og vi snakkar igjen, ler på fritt grunnlag. Snakkar om den vanskelege, islandske politikken,

Er Ólafur Ragnar Grímsson til høgre, eller venstre?
Han er sonen av ein frisør.
Men er han konservativ, eller radikal?
Han er gift med ein jødisk diamanthandlerske.
Er sjølvstendepartiet til høgre, eller til venstre?
Dei er til høgre. Men dei er eit folkeparti. Dei var som Island sitt AP.
I draumeland

KØ kjører austover, og snakkar: Det er fint å gå turar her. Å gå turar er bra for diktninga, seier KØ, og seier at han har med seg penn og papir, og ein dings, seier han, og kniser løyndomsfullt.

Ein opptakar, som eg pratar til når eg får ein idé. Eg kallar han draumefangaren, fordi eg har han ved sida av senga mi. Eg snakkar inn draumene mine til han når eg vaknar om natta. Det er betre enn å ligge å gruble, seier KØ, som er diktekunstens Special Agent Cooper. Heile tida på hugget. Vi ler litt av det, og så spør han kva eg meiner om Jens Stoltenberg, om han er på hugget, som KØ kallar dei vakne, engasjerte politikarane som vil noe, som har brodd, og som handlar. Det er bare dagar sidan utanriksministaren hadde ein heil time i prateprogrammet “Skavlan” på NRK1. Utan å nemne Island med eit ord, men snakkande om frostbitt, skihytter, og private nakenbilde som blei offentlege.

Har Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg bli blitt dei norske “snorksovande Geir Haarde”, som Einar Már Gudmundsson skildrar i Den Hvite Boken?

Gi dei ein diktafon, og la dei mumle sine søvndrukne sløvheiter inn på teip. Så får dei sove. Den som sover, vakner. Den som vakner, er vaken.

Verda treng vakne statsleiarar.

Knut Ødegård kjører ikkje feil på turen heim. Og rett før eg skal gå ut, og han skal kjøre vidare, seier han:

- Norge har bare hatt noen få folkeavstemninger. 1905, t.d. Avstemninga om IMF-avtala er den første på Island. Det er Islands 1905.

Publisert i Notat | Skriv en kommentar

Tårn Island

Gudrun Eva Minervasdottir (33) er skald, og bur i Lindargata 65. Det er ved hamna i Reykjavik, og er ei rekke relativt låge, og såvidt råtne trehus. Hamneidyllen står bare timeter unna høge glas – og stålhus langs strandlinja.

Bakgården har tjue ulåste, heile syklar. Syklar som får stå i fred. Reykjavik har nestan ikkje kriminalitet. Likevel har Island fått eit slags stempel som ein nasjon røvarar og griske kapitalistar. Urettvist.

Frå bakgården går ei bratt trapp opp til tredje etasje. Eg møter garderoba. Ei korktavle. Avisutklipp. Det er bilde av Eva Gudrun Minervasdottir, og Virginia Wolf. Journalisten samanliknar dei. Bilde av kjærasten til Gudrun, Matti, med eit stort kamera i eine handa, og ein filmpris i andre handa. Opa dør til stova. Der sitt Matti i ein djup sofa.

Hei! seier eg. Matti stangar skallen i ei taklampe i glas.

Du er for høg, darling, ropar Gudrun innanfrå rommet. Katten kjem, og legg seg på ubehandla, men lysttregolv. Gudrun kjem, og liknar katta. Ho luktar søt sveitte. Yogasveitte. Det er jo måndag, milde dagen, då Gudrun trener yoga.

Du får sjå deg rundt! Vi har ingen løyndomer, seier Gudrun, og går i dusjen. Eg snusar rundt. Talglys i alle hjørne. Fire statuettar i vindaugskarmen. Tre for “best movie adaption”. Ein litteraturpris. Eit piano. Ei smal, bratt trapp til loftet. Ein hems. Den har veranda, og utsikt forbi glas – og stålveggane bortanfor. Gudrun kjem. Vi står i døropninga til verandaen i lag. Ein må stå ganske nær kvarandre i slike døropninger. Vi står ikkje så lenge. Vi vil heller sitte i dei mjuke stolane til Gudrun, enn å stå. Vi vil heller vêre i stova, enn å vêre i den kalde lufta. Eg vil veldig gjerne drikke jus. Matti har nemleg kjøpt seg ei jusmaskin. Ikkje ein blendar, og ikkje ei sitruspresse. Nope. Matti er ein hardwaregeek som likar sine powertools Han har kjøpt ei storkjøkken-presse som jusar det som du ikkje trudde hadde jus. Ingefær. Potet. Gras. Gudrun Eva har ikkje kjøkken, ho har ei plen. Der veks det grøne ting. Trær, rotfrukter, gras. I dag jusar ho bare eple, appelsin og ingefær. Fruktkjøtet blir spylt inn i ein plasbolle. Det kjem ein liten, gul-grøn stråle. To sterke shots av vitamin. Vi tar bonnski, og sett oss på kvar vår haug av mose og gras. På med diktafonen. Jupp. GEM er venninne. Men eg tar likevel opp samtala. Og GEM skal sjå det, og vite det.

MK: Vi har ingen løyndomer.

GEM: Absolutt ingen løyndomer.

MK: Men det har leiarane i staten din hatt.

GEM: Og bankdirektørane.

MK: Og du er skald. Korleis har det vore å dikte, og på den måten fortelle sanninger, i eit slikt miljø?

GEM: Eg har vore i ei boble, eg også. Eg er jo skald. Eg er sårbar for skifte i det som skjer rundt meg, og blir påverka.

MK: Og blir ei boble.

GEM: Eg har aldri hatt mange ting, og er litt sånn “bu i ein koffert, her og der”. Materialisme var fjern for meg. Eg skjønte ikkje kva som skjedde. Eg trudde at det bare var ein del av moderniseringa, og det naturlege framskrittet.

MK: Ante du ikkje at det var ein ekstrem situasjon?

GEM: Eg gjorde nok det. Men det var litt som om det var ein alkoholikar i familien. Det er litt for, kva skal ein seie … uvirkeleg, til at ein vil innrømme det?

MK: Korleis har det virka inn på livet ditt?

GEM: Eg tok ikkje opp store lån, og har ikkje tapt noe på krisa. Det er litt dyrare i butikkane. Men elles så er livet som før.

MK: Eg feira nyttår med skikkeleg fine folk. Det var god påverknad. Eg merka at eg blei litt som det dei var, og var på mange måtar god dei førre vekene. Før eg kom hit, møtte eg ein del negativ påverknad. Ein del triste folk. “Tapet av uskyld” er ein refleks. Ondskap, og så boff

Illustrerar med mimikk og gestikulasjon, at dårleg haldning er ein direkte konsekvens av eksponering til ondskap.

GEM: Eg hadde heldigvis tapt uskylda mi allereie i 2003. Fram til då trudde eg at eg var god, og undertrykte alt ondt i meg. Denne fortrengninga fekk bygge seg opp i 27 år, og blei til eit fuck all tårn som då rasa i hop. Eg hadde eit mentalt samanbrot, og måtte til terapi. Ein kan óg seie at Island er dette tårnet, som endeleg rasa i hop.

MK: Du er med andre ord glad for bankkollapsen?

GEM: Heilt klart! Sjølv om eg ikkje kan kjøpe noe lenger. Men det er greit. Shopping er som rusmiddel. Det er gøy, tar krefter, men medfører ingen viktig endring eller artige innsikter.

MK: Du kjøpte ei juspresse. Og eit piano.

GEM: Men dei er artige ting! Jusing har blitt den nye hobbien vår!

MK: Det lovar godt for den litterære framtida til Island!

- Og for framtida til filmen, seier Gudrun, då Matti er filmregissør. Og pianospelar.

- A pending pianist, seier Matti, frå sofaen, og legg til:

- Pianoet var ei gåve frå Gudrun.

- Eg leigde fire karar med stroppar for å få pianoet opp trappene, seier Gudrun. Og for noen trapper. Dei er meir som tårn. Her er det best å halde fortet. Her, men bare her.

Publisert i Notat | Skriv en kommentar

fredeleg jól

ønskar min venn, alec finlay frå skottand:

xmas_09.indd

Publisert i Notat | Skriv en kommentar