Eg trillar ned ein bakke. Der er eit kryss. Eg tar til høgre, veit ikkje kor vegen går, men eg trør. Ikkje mot nord, der var eg før. Ikkje mot sør, der er eg kvar dag. Det er der eg badar.
Eg er vendt mot ei slette. Sletta er svær, og slett farga, som tundra. Horisonten er høg ytterst. Der er den hakkete. Den flatar ut rett framfor meg. Der er varehuset Bauhaus. Det er lågt, flatt, langt. Eit grått rektangel som noen drog ut, la over landskapet, laga horisont av. Det minner meg om aluminiumsverka i Straumsvik, og på vestlandet av Island. Og av Norge. Eg hugsar eit “morgenkåseri” frå NRK. Jau, heilt klart, hugsar eg det. Dette sette seg fast hos meg: “Ordet “naturleg” er ubrukeleg. Kultur og natur kjem stadig nærare kvarandre”.
Om lag slik, var det at han kåserte, Petter Meilender, den 1. juni 2010. Eit av fleire tusen slike kåseri, som NRK har sendt sia 1968. Innslaget er eit av dei mest tradisjonsrike hos NRK, og ein god kultur, synes eg. Eg har høyrt kåseri av vaktmeiseren på Deichmanske Bibliotek, Agnes Ravatn, og ein trikkesjåfør som ikkje var forfattar i utganspunktet. No er han forfattar, han også, og stiller seg i rekka av norske og islandske arbeidarklasseforfattarar. Klassereisende, som går inn i, og kjempar i kulturkampane. Dei går frå ein kultur, til ein annan. Dei kan framleis bu i same byen. Eller dei kan bytte by, som Seljestad. Mens eg, eg ser meg rundt, og ser atter slike fjell og dalar. Eg har lagt Bauhaus bak meg, og nærmar meg Mosfellsbær. Ein liten by ved foten av fjell. Det ryk frå eit gjerde. Bak gjerdet er nok basseng. I bassenga sitt folk, som romarar, og pratar, som ein aldri gjer det i svømmehallane i Norge. Der er det fight or flight, frå det kalde, klorerte vatnet. Eg hugsar Meilender, og morgonkåseriet frå juni: Vi kallar klart kulturelle fenomen for både naturlege og unaturlege. Mange av dei sterkaste naturopplevingene våre er kulturelle. Tenk bare på vulkanutbrot og askesky, jordskjelv på Haiti, eller oljeutslepp frå Mexicogolfen. Vi ser dei på TV. Hendingene er forma av mediene.
Difor er eg her, på sykkelen, og ikkje framfor TV-skjermen. Ikkje bak ei bussrute. Eg må kjenne på og sjå. Eg er i dette for å ta til meg. Eg er i dette, tenkjer eg, og har eit lite kick av det alt, mens eg finne ein løynd veg, ein snarveg som eg ikkje såg då eg kom opp. Den tar meg til eit platå, korfrå eg ser heimover, over Bauhaus, mot mjølkegarden. Bak mjølkegarden er havet, og i havet, horisontar.
Er det noko Island har nok av, så er det horisontar. Tyske minimalistar treng ikkje komme hit, og lage fleire. Island seier i frå om dét, klårt og tydeleg, og med alt den har: Dei hadde jobba i fleire år med å bygge varehuset til Bauhaus. Då hyllene endeleg var fylte, folk tilsette, og kledd i bauhaus-uniformar, så kom krakket. Bankane kollapsa dagen før dørene skulle opne, og kundar strøyme til. I staden blei dørene stengde, og dei tilsette sparka. Dørene er framleis stengde. Varene ligg på plassane sine, i hyllene sine. Uniformane heng på hengarar. Bauhaus-huset ligg her og ventar på betre tider. Då skal dørene atter opne og kundar komme til. Om møbla, bestikket, askebegra framleiser attråverdige og aktuelle, det får tida vise. Bauhausstilen får sin prøve. Er stilen klassisk og minimalistisk nok, vil den framleis vere aktuell viss dørene opner, om X antal år, kundane strøymer til, og kassene opnar.