Det er 15. juni 2010, og dagen då Jon Gnarr og gjengen blir sett inn i bystyret. Eg sett meg på ein sykkel og syklar frå Grafarvogen, kor eg bur, til eit industriområde i sør. Der jobbar faren til Björk Gudmundsdottir. Han er fagforeningsformann for elektrikarane på øya, og har kontor i tredje etasje av eit stort, assymetrisk nybygg i oransje og kremgult. Dårleg smak. “Smekkløysa” er det islandske namnet for “dårleg smak”. Det er óg namnet på ei kulturell rørsle som begynte ved tiårsskiftet 1970-80. Men meir seinare om Pablo Picasso sitt manifest “Good taste and frugality are the enemies of creativity”. Inn, inn, og opp trappene. På innsida er huset flott, med mykje luft og store vindauger.
Gudmundur Gunnarsson møter meg i gongen, og tar meg med opp ei trapp. I mellomstida forklarar han at det er meir privat der oppe, og mindre sjans for å bli forstyrra av telefonen som ringer heile tida. Vi kjem til loftet, kor det er lågt under taket, langbord og bildeframvisar. GG sett seg på den eine sida, og blir stille. Han har lysande, klåre auge, under store bryn og tette augevippar. Han blenkjer ikkje, og snakkar ikkje utan spørsmål. Men når han først får eit spørsmål, så svarar han lenge og grundig. Det veit eg frå før, og veit vel å sette han på rett kurs:
MK: Gjengen til dotter di skal styre Reykjavik. Kva synes du om det?
GG: Eg kjenner 70% av Besti Flokkurinn frå dei var ungar. Einar Örn, Magga, Jon Gnarr, dei er alle mine gode, gode venner. Det er litt rart for meg at dei skal styre byen. Og vi veit ikkje korleis dette skal gå. Men folket trong eit alternativ til politikarane. Politikarane våre er ikkje i stand til å gjere jobben sin, og kjem ikkje fram til beslutninger. Dei er redde for plassane sine i bystyret og på Allthingi. Då vi no hadde lokalval valgte over 40% å stemme blankt, eller ikkje komme til valurnene. Politiske partiar tapar 30% velgarar. Difor har folk valgt seg noko anna.
MK: Dei valgte seg kultur. Men kunne dei også ha valt seg arbeidarar?
GG: Du vil vite om fagforeningene kan stille til val og vinne det. Vel. Opp til 1960 så deltok fagforeningene alltid direkte i politikken. Dei hadde alltid 1-3 representantar på Allthingi. Men så blei islandsk politikk styrt mot høgre. Fagforeningene skulle ikkje delta i partipolitikk. Eg meiner at dette er ein uheldig utvekling. Fagforeningspolitikarar fekk høyre på partipolitikarar, og andre vegen. Men politikarane tviheld som sagt på stolene sine. Dei skubba oss i fagrørsla heilt vekk frå den politiske scena. Dei ville ha scena for seg sjølv. Islandsk politikk fekk vokse seg til eit stort, politisk monster. Og i desse dagar får vi sjå at politikkmonsteret har blitt sjukt. Politikarane er veldig redde nå.
MK: Fordi?
GG: Fordi andre enn politikarar får makt. Politikarar er redde for å bli overflødige, og miste jobbane sine. I dag blir Jon Gnarr borgarmeister. Det er brytningstid. Det kjennes som om alt kan skje. Og her er det at fagforeningene kan komme inn. Viss vi tar dei rette avgjerslene no, så kan vi få reell makt i Reykjavik. Viss vi tar dei feile avgjerslene, så kan vi, som politikarane, miste tilliten frå folket. Det er om å gjere for oss i fagrørsla å skape denne situasjonen, og spele korta våre rett…
MK: Bi litt. No går det litt fort. For det første: kva situasjon ønsker du?
GG: Eg ønsker at fagforeninga skal komme tilbake på Allthingi.
MK: Og kva er dei rette avgjerslene?
GG: Vi skal ha lønnsforhandlinger til hausten. Då skal vi lage nye avtaler for lang tid framover. Det er her vi skal ta dei rette avgjerslene. Det kjem til å bli ein krig. Krigen går om lønninger, og om skattar. Eg meiner at skattene må ned, men at lønningene må fortsette å vere relativt låge. Skattene må ned fordi offentleg sektor er alt for stor. Lønningene må halde fram med å vere låge, for å unngå å gå på ein ny økonomisk smell. Den islandske staten må spare litt. Vi må ikkje bruke alle inntektene våre til offentleg sektor.
MK: Vil du ha mindre pengar til helsevesen, utdanning, forskning, kult…
GG: Nei nei nei, eg vil stramme inn på ein heilt spesifikk del av offentleg sektor. Det er byråkratiet. Det er alt for mange folk på dei offentlege kontora. Dei har tilsett sine koner, søstrene til konene sine, og så vidare. Byråkratiet er eit pengesluk. Vi må avvikle ein del stillinger der.
MK: Er det her krigen kjem inn?
GG: Det kjem til å bli ein krig mellom offentleg og privat sektor i vinter. Det vil komme sterk kritikk mot meg. Eg kjem til å føreslå låge lønninger. Det er eit upopulært forslag. Eg er redd for at andre fagforeninger kan komme til å fremme meir populære forslag. Utfordringa mi blir å utdanne folket. Eg må lære dei korleis desse tiltaka kan vere til det beste for dei på lang sikt. Folk er opptekne av å eige mest mogleg. Difor må eg få dei til å skjønne at høgare lønning førar til inflasjon. Det vil dei tape på.
MK: Korleis skal du formidle dette til folk?
GG: Eg har ein blogg, som har mange lesarar. Vi held møter i foreninga, kor eg har talar. Det blir ein manndomsprøve. Folk er veldig ulykkelege over det som har med økonomi å gjere. Og vi i privat sektor, har tapt veldig mykje av pensjonen vår. Folket er bitre, og skuldar det på bankane. Men folket spelte med. Dei visste om risikoen, men kjøpte likevel større hus, større bil, og bustad i Spania. Allereie i 2007, skjønte vi at den islandske kronen var alt for sterk. Men 30-40% av oss ignorerte det, og fortsette lånefesten. Det var rett av myndigheitene å bli strengare med folk. Men løysinga er ikkje å heve skattane, og så bruke alle skattekronene til dei som er tilsette i byråkratiet. Dessutan må vi finne andre måtar å få penger i statskassa på.
MK: Kva med Alcoa? Dei hadde planer om eit nytt, stort aluminiumsverk på Island. Kva skjer?
GG: Vel. Vi har hatt kinesiske representantar på besøk. Det kan komme på tale med kinesiske investeringer på Island.
MK: Er det ok? Då Alcoa investerte her, blei det mykje bråk frå naturvernarar.
GG: Det stemmer. Og Alcoa hadde planer om ytterlegare to aluminiumsverk i landet. Eg trur ikkje Alcoa vil det lenger, nettopp på grunn av bråket frå naturvernarane. Vi kjem til å sjå aluminiumsverket i Straumsvik til ein ende. Så blir det nok slutt på investeringar frå Alcoa. Då får vi mykje kraft som vi kan bruke til.
MK: Som elektrikar, vil du ønske utbygging av aluminiumsverk, og nye vasskraftverk. Det er ikkje populært blant naturvernarar på Island. Korleis er det å sitte i denne situasjonen?
GG: Det er manndomsprøvar. Men ein må bare møte dei.
MK: Å vere borgarmeister og sitte i byrådet vil også kreve eit mot. Jon Gnarr og gjengen må også stå opp i mot andre politikarar, og seie i frå?
Eg veit ikkje. Men det er klokt og raust av han å invitere den gamle borgarmeistaren til ordførarvervet.
Vil Jon Gnarr og gjengen, som har vore nokre av dei mest populære kunstnarane i Reykjavik, kunne ta upopulære avgjersler for folk sitt beste?
Jon Gnarr og dei er ikkje redde for plassane sine i politikken. Dei har noko anna å falle attende på om så skulle skje.
Rørsle i Reykjavik
Det er framleis 15. juni. Eg syklar inn mot byen frå aust. Det er lettskya, og mykje trafikk. Det er akkurat som det alltid har vore. Som vanleg, mens eg har vore her, er det ingen teikn av politisk omveltning. Som vanleg, når eg har vore her, er det politisk omveltning. I dag inntar kunstnarane Reykjavik Rådhus. I dag må ei lang rekke politikarar ta hattane sine og tre av. Eit titals kunstnarar får i dag ein ny jobb, med fast løn frå staten. Nokre av dei for første gongen i livet sitt. Jon Gnarr, Einar Örn Benediktsson, Óttar Proppé, Magga er alle frå rørsla Smekkløysa. Ein gong i tida var dei kalla “ungar som bare var ute etter å rive ned, øydelegge, lage bråk. Dei var pønkarane, anarkistane, dei uansvarlege som bare ville leike seg, rase rundt, herje. Dei spelte i band saman, eller dreiv surrealistgrupper i lag. At dei skal styre hovudstaden, er særskilt. Eg syklar til rådhuset. Der skjer det ikkje noko som eg får sjå. Eg syklar til Allthingi. Her er bare mange folk i utebarar brevid. Kva skjer? Korleis får eg vite kva som skjer? Jau, eg drar til avisredaksjonar. The Reykjavik Grapevine har kontor over vin-baren Masi i Hverfisgata.
Redaksjonslokalet er ein ombygd bustad. Den har fire rom. Eit rom er kontoret til Hilmar. Han eig og administrerar avisa. Eit rom er kjøkken, eit er desk, og eit siste redaksjonslokale. Her er det fire pultar tett i tett, to stolar, og ein sofa. Ved den eine pulten sitt Páll, som ikkje er på ein formell lønningsliste, men som jobbar kvar dag. I stolane og sofaen sitt seks praktikantar. Redaktørstolen er tom. Der skal Haukur sitte, om han kjem. Han skulle ha vore her ett. No er klokka to. Eg får låne ei datamaskin, og ser opptak frå innsettinga av Jon Gnarr på RÚV på nett. Det går fredeleg føre seg. Det heiter seg at dei bare gjennomgår formalitetar der i dag. Men i Grapevineredaksjonen er det travelt. Redaktøren har kommet. Nummeret er i ferd med å bli samla.
- Og så var det dette med vatnet. Kven skal vi ringe om den saken? seier Haukur, og tørkar sveitte av panna med handbaken.
Eg hugsar at dei beste redaktørane eg har kjent, hadde andre jobbar før. Svein Bjørnerem frå Romsdals Budstikke fiska. Haukur mura og sløya fisk. Tore Dyrnes i Tidens Krav er elektrikar. Gudmundur Gunnarsson er elektrikar. Vote GG til president av Island.
Historia til Island, sett gjennom The Reykjavik Grapevine
Dekkinga av innsettinga av Jon Gnarr er bestemt. Haukur drar fram eit lite tårn av svarte permar. Her er Grapevine-arkivet. Eit eksemplar av kvart einaste blad sida starten i 2003. Dette skal vi sjå etter: Har The Reykjavik Grapevine vore framfor eller bakpå den politiske utveklinga på Island? Har dei vore opinionsleiarar, og påvirka stemninga, opptøyene, revolusjonen? Her er eit utval av saker som har skapt liv og røre i Reykjavik:
Januar 2003
HSM: I 2003 hadde USA framleis NATO-base ved Keflavik. Det var ein kontroversiell sak. The Grapevine laga denne featuresaka, kor vi kalla USA ein Jackboot. Det er eit slanguttrykk for “nazi”. Amerikanarane blei veldig sinte,
MK: Kva gjorde dei då? Kom dei hit? Ringte dei?
HSM: Det var før eg jobba i avisa. Eg har bare høyrt at det blei eit helvetis bråk.
2004
HSM: Vi laga denne saka for nasjonaldagen i 2004. Då ønskte vi å kle opp ein innvandrar i islandsk folkedrakt. Vi tok kontakt med den islanske folkedansforeninga. Dei nekta å låne ut ei folkedrakt til ein innvandrar.
MK: Fordi ho var innvandrar?
HSM: Ja. Og vi skreiv dette som ein artikkel.
2005
HSM: Nå, sjå på dette. Dette er interessant: Dette er ei forbrukskritisk sak. Den spør eigentleg bare: Treng vi alle desse tinga?
Juni 2007
HSM: 2007 var eit veldig dårleg år for Island. Då var vi på det rikaste. Då var vi på det minst moralske. Vi laga dette nummeret som stiller spørsmålsteikn ved den finansielle utveklinga. Intervjuet er med Sigurdur Dög Audunsdottir. Ho seier eigentleg rett ut at islandsk økonomi er korruppert. Journalisten spør kvifor ikkje noko blir gjort, kvifor ingen grip inn, og korleis denne situasjonen får halde fram.
MK: Kva skjedde etter dette nummeret?
HSM: Det var noko skriving, og nokre lesarbrev. Men Grapevine holdt på å gå under etter dette nummeret. Den kritiske linja stoppa av seg sjølv. Vi ville ikkje overleve om vi holdte fram.
MK: 2007 blei eit dårleg år for Grapevine også?
HSM: Politisk sett, jau. Men vi klarte oss økonomisk. Og eg hadde det bra i 2007. Skikkeleg god råd. Men eg kan ikkje akkurat påstå at vi er eit kritisk blad.
Januar 2008
HSM: I denne saka begynner vi kanskje å skjønne at ting ikkje er som dei skal vere på Island. “Det absurde teateret Rådhuset” handlar om dei kaotiske, politiske tilhøva. Vi fekk fire nye borgarmeistre på eit par månadar. Eg trur at lokalpolitikarane skjønte allereie no at krakket skulle komme. Dei gav ansvaret frå seg, den eine etter den andre. Og på same tid prøvde dei å samle så mykje pengar som dei kunne, mens dei framleis kunne samle pengar.
May 2008
HSM: “Ganske ledig”. Denne saka handlar om at byen riv fullgode, tomme trehus for å bygge nytt. Nybygga var dårleg likt, og sett på som stygg arkitektur.
MK: Og kva skjedde vidare?
HSM: Husriving og nybygging blei rett nok ei av dei sakene som demonstrantane tok opp, og var opptekne av.
September 2008
HSM: Vi nærmar oss krakket. Men vi i Grapevine anar ikkje noko. Vi har eit heilt blad om haustplatene. Lay Low på plata. Ligge lågt. Ganske ironisk, huh?
Oktober 2008
HSM: Eg tar over redaktørstolen no. Ein av dei første jobbane mine som redaktør blir å skrive om krakket. Eg begynner med å hente ut arkivet over alle talene som president Olafur har holdt sia han blei tilsett.
MK: Presidenten? Burde du ikkje sjå til David Oddsson, Geir Haarde og dei?
HSM: Eg gjorde det også. Men dette fann eg, som vi var dei første til å trykke på papir: Ein tale som Olafur heldte i 2005. Den heiter “Korleis overleve i moderne forretninger”. Høyr på dette, han seier: “Vi islendingar har alltid vore folk som tar risikoar. Vi var utforskarar, uredde, og dette er dei same mekanismene som no drar økonomien framover”. Ha! Dette var eit skup å finne. Mange medier har plukka opp denne saka i ettertid. Tala har vore sitert i fleire andre blad etterpå.
MK: Og så?
HSM: Og så lagar eg eit nummer som heiter “Pengar er ikkje den einaste kapitalen vår”. Heile avisa er ein lang enquete. Eg spør mange titals kulturpersonlegdomar om kva Island har – utanom pengar.
Og med det er vi tilbake Reykjavik 2.0. Kultur rular, i denne utgåva.