Søster legg seg òg før ti

Eg har ikkje sykkelhjelm, og tar på headphones. Eg sett på skoa, knyt fast iPod; skil lisser frå lisser, og kvitt frå kvitt. Kalkfarga basketsko. Dei blir til fire. Søster mi står framfor meg.
Kva høyrer du på? seier Søster mi.
Heh? seier eg.
Å, Board of Canada, seier eg. Det er nesten sant. Eg kunne ha høyrt på Boards of Canada. Det er bare dagar sia eg gjorde det sist. Feil igjen. Det er bare timar sia eg høyrte Boards of Canada, så vidt det var, gjennom veggen frå rommet til Søster mi.
Og du? seier eg, latar som om eg ikkje veit.
Ikkje noko, seier Søster mi.
Likar du ikkje musikk? seier eg.
Det har eg ikkje sagt. Eg høyrer ikkje på noko. Ikkje no, seier Søster mi. Sant nok. Og eg får gå.
Og, seier Søster mi,
Eg mista iPoden min. På flyplassen, seier ho. Og eg, MK, fann min på flyplassen, på butikken, såklart. Eg hadde òg mista den førre, på Tøyenbadet, samstundes med sykkelhjelmen min. Ny iPod kjøpte eg straks, no. Sykkelhjelm har eg ikkje.
Du får kjøpe ny då, seier eg.
Kanskje det kanskje. Eg syklar meg i alle fall ein tur inn til byen, seier Søster mi. Eller var det eg som sa det?

ii.
Eg syklar til Bónus, butikken til Jón Asgeir, ein reckless finansviking med bad taste sko. På iPod har eg Mytekalenderen. Mange kalenderblad av myter, i kjapp rekkefølgje, som arpeggio. Weird Fish, eg får lyst til å høyre på Radiohead, men held meg til denne radiostemma. Nordby, som snakkar om Alan Ginsberg og den sinnsjuke mora, den alkoholiserte faren, om paradokset han erfara seinare i livet. Kompisane oppsøkte narkotika, sinnsjukdom, og flørta med det som øydela barndommen til Ginsberg.

Når Søster mi kjem heim den kvelden, spør eg ho om fortida. Kor har ho vore? Kva har ho gjort? Ho var i Glasgow, ein graduate frå Glasgow School of Art. Det er eg også. Og eg vil spørre ho om Glasgow School of Art; om drikkinga, narkotikaen, om ho opplever det vanskeleg? Greit? Men også denne kvelden blir vi sittande stille, men side ved side, og jobbe, mens vi høyrer på noe instrumental, roleg musikk. Det er akkurat slik eg vil ha det. Eg håpar at ho kjenner det på same måten. Tenk om ho gjer det! Tenk det! Men eg får ikkje seie noko. Det kan sprekke bobla, øydelegge magien. Det er som økonomi, finans, og psykologien omkring det. Økonomane, journlistane, politikarane var redd for å øydelegge det som var så fint. Det som var på opptur. Det som vaks og blei større. Men bare meir og meir skjørt.
- Eg er redd for å snakke. Det er difor eg ikkje seier noko. Arbeidet mitt er skjørt. Eg er så redd for at ideane, tekstane, heile prosjektet skal ramle saman, seier eg.
- Same her. Vi får snakkast til veka, seier Søster mi, og snur seg til teiknebrettet.
- Greit. Snakkast, seier eg.

Oska
Det er lummert og mørkt, og tårar som rinn. Det er noko med dette mørkret. Denne dagen, fredag 5. juni, er mørkare enn midnatt i går. Førnatta var klår, lys, krisp. No kjennes det som torevêr. Oskan kan gå. Og eg kjem heim. Eg har sykla i ein time, på Hringvegur, og er tørr på augene. Det må vere eksosen, tenkjer eg, og teier om det til Søster mi.
- Eg er så tørr på augene, seier Søster mi, og ser på meg med hovne, raude auger. Som pollenallergi. Men her er ikkje pollen, ikkje vegetasjon, men opne sletter, sjø. Vi pleier å sjå heilt til Esja. Men i dag er det tåke. Vermeldinga seier bye-vêr og skyet. Men undergrunnsvermeldaren wunderworld seier sanninga. Tåka er oske. Oska er attende. Og er er heldig. Eg er her. Flyet mitt gjekk. Og det gjekk bra. Eg lever, pustar, pustar inn oske, men pustar. Ein kan puste gjennom oske, gjennom vulkanutbrot, gjennom økonomisk kollaps og kva som helst. Bare ikkje at noen ein elskar, aldri kjem heim att. Men kanskje døyr ikkje frendar, fedre, fe. Kanskje sitt dei bare i sola, i varma, utanfor flyplassar, kor alle flya har slutta å gå, kor vulkanar bryt ut, og torevêret bygger seg opp. Kanskje sørgar vi alle saman bare over dette eine; at det er kommet eit slør omkring alt. Det ligg eit slør mellom oss og sola, mellom deg og meg, og mellom meg og verda.

Hikk
Eit djupt andedrag, og så dykke ned til botn av bassenget. Grafarvoglaug er nytt, med friske, kvite fliser på botn. Flisene er varme. Eg liker å ligge mot dei, og øver meg på å halde pusten. Svømmer langs botn. Magen mot flisene. Sida mot flisene. Ryggen, rompa mot flisene. Hendene mot flisene. Det ligg noko på flisene. Eit lag av noko svart. Kva er det? Det er ekkelt. Eg skvett, treng luft, fér opp. Pustar, kjem ned att. Kostar i det svarte med hendene. Det er oske. Eg lagar meg eit prosjekt av å koste oska av flisene; går systematisk til verks, og kostar ei flis av gongen. Først den eine lengda, så den andre. Det er ingen andre svømmarar her på denne sida av døgnet. Det finnst ikkje ein turist på denne sida av byen. Dei fastbuande går til jobb no. Eg jobbar i botn av bassenget deira. Jobben min er å koste oske. Eg er ein oskesugar, ein undervatn feiar. Att og fram, og opp og for å puste. Eg hostar. Oska er vond for lunger. Den er i alt, sjølv i vatnet. Eg pustar inn att, og klarar det, utan å hoste; kastar den ikkje opp att, men held på lufta, dykkar ned att. Flisene er atter svarte. Eg treng luft, fér opp att, og kjem ut av rytma. Oska skiplar rytma mi, og irriterar meg. Eg mister oversikt over når eg pustar inn, pustar ut, kor mange gonger eg dykkar, kor mange tak eg tar. Det skuldast Eyjafjallajokull. Kloden hikkar, og eg mister dykkemeditasjon. Etterpå gjespar eg, og får henta meg inn att, tatt inn oksygen. Hikk er óg ein måte å hente oksygen. Det er gjesp ute av kontroll.

Boble
Innst i Grafavoglaug er eit kjellarbad. Også det i friluft, men søkkt ned i betongen. Eg ser ikkje badarane. Eg ser hendene deira. Hendene deira heng i reip i gjerdet. På skiltet; Nuddupottur. Det virkar frivolt. Eg går ikkje ned trappa, men kretsar kring kanten. Det er sol, og litt kjøleg. Eg sett meg i ly, med sola i andletet og nuddupottur bak meg. Det kjem stemmar opp frå holet. Ei sakte ordveksling, med luft mellom kvart ord. Dei boblar opp frå djupet;
Jau.
Jau jau.
Kva skal eg seie?
Eg veit ekkert.
Ekkert, nei nei.
Jau, jau.
Mm. Jau. Men soli skin.
Jau.
Jau, bless.
Bless bless.

Og opp frå trappa kjem ei kvinne med badedrakt, hette, hanskar og sokkar.
Jau de er so, seier ho.
Jau, seier eg, går ned den trappa ho kom opp, og sett meg i nuddupottur: Boblebad, betyr det, og er ein av få utskeiinger i det nye, sobre Island. Eit island kor folk atter kjempar for jobbar og overtid. Og kvinna nikkar, og skal gå.
Du er som meg når du badar, seier eg. Kvinna nikkar, og smilar, svarar på islandsk.

Den dagen gjespar eg meir enn vanleg, og må høyre Søster mi fortelle at ein gjesp er kroppen sin måte å ta til seg oksygen.
Eg veit det, seier eg, og er som ho når vi snakkar. Søster er frå New Zealand, eg frå Norge. Vi vaks opp på kva sin side av kloden. Men likevel med dei same referansane, og meininga om nyliberalismen som øydela islandsk økonomi: Vi liker det ikkje. Men kan vi unnlate å like globalisering?

Dette innlegget ble publisert i Fotsoldat. Bokmerk permalenken.

Legg igjen et svar

Din e-post vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>